Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen

Statens vegvesen - søknad om løyve etter forureiningslova

«Statens vegvesen - Søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa anleggsvatn og vaskevatn frå Rogfast, Kvitsøy kommune – Utlegging til offentleg høyring

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Norconsult AS på vegne av Statens vegvesen Region vest om løyve etter forureiningslova § 11 jf. § 16. Søknaden gjeld utslepp av reinsa anleggsvatn og vaskevatn frå Kvitsøytunnelen og Boknafjordtunnelen midt, E39 Rogfast. Søknaden omfattar utslepp av 88-96 l/s anleggsvatn frå tunneldriving (mellombels utslepp), samt utslepp av vaskevatn i driftsfase. Parametrane nitrogen, høy pH, tungmetall, suspendert stoff og organiske forbindelsar er rekna for å vera dei viktigaste når det gjeld forureining. Utsleppspunkta er planlagt til området mellom Rogfast-utfyllingane ved Krossøy.

Søknaden vil bli lagd ut til høyring i Kvitsøy kommune, kommunehuset, Kommunehusveien 6, 4180 Kvitsøy, og på Fylkesmannen i Rogaland sine nettsider www.fylkesmannen.no/rogaland under «Miljø og klima» og «Høyringar».

Uttale frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no, innan 4 veker frå utleggingstidspunktet.

Kontakt

  • Kvitsøy kommune
  • Kommunehusvn. 6
  • 4180 Kvitsøy
Telefon
+47 51 73 63 00
E-post
post@kvitsoy.kommune.no
Org.nr
964 979 634

 

Viktige telefonnummer

  • Brann - 110
  • Politi - 112
  • Øyeblikkelig medisinsk nødhjelp - 113
  • Legevakt - 116117
  • Veterinærvakt
    Se info