Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen
Hummermuseets utstilling i 3. etasje

Hummermuseets utstilling i 3. etasje

Har du gjenstander til Hummermuseet?

Innsamlingsdag lørdag 17. mars kl.10.00- 13.00 på brannstasjonen.

Kvitsøy hummermuseum vart som kjent ramma av brann i mai 2011. Men arbeidet med å gjenreisa museet er i full gang. God forsikring og friske midlar både frå kommunen og fylkeskommunen har gjort at det blir eit enda betre museum enn det var.

Det var ikkje berre huset som brann, men også ein heil del av utstillinga, særleg i 3. etasje. Øydelagde plansjar og foto har vi elektroniske kopiar av, så det klarar vi å gjenskapa. Mange gjenstandar fekk vass- og sotskader. Dei har blitt vaska og stelte på profesjonelt vis, og kan stort sett brukast på nytt i utstillinga. Men mange gjenstandar vart heilt øydelagde eller så sterkt skada av brannen at dei ikkje brukast på utstilling lenger. Difor treng vi no nye gjenstandar til museet.   

Dette skrivet går til alle kvitsøybuar med spørsmål om du har gjenstandar som du er villig å gje til museet, slik at utstillingane i museet kan bli like gode som dei var.

Kva treng vi?

Det var i 3. etasje at flest gjenstandar gjekk tapt. Der stod utstillinga ”Året rundt på fiske”,  og der var laga til utsnitt av ein fiskarheim med kjøkken og stove og utsnitt av eit sjøhus. Så vi treng m.a.

  • fiskereiskapar av alle slag (snøre, krokar, liner, garn m.m.)
  • skjeppekassar, hovar o.a. for handtering og oppbevaring av fisk
  • utstyr brukt om bord i fiskebåtar og –skøyter (radiosamband, navigasjonsinstrument m.m.)
  • møblar til fiskarheimen (divan, lenestol, andre stolar, bord, skap, bilde på vegg m.m.)
  • sjøhusinventar (kaggar, kassar, tauverk m.m.)

Det er sjølvsagt best å få gjenstandar i god stand. Men gjenstandar som er merka av alderen er også absolutt aktuelle. Dei kan konserverast og bli bra. 

Mange på Kvitsøy har slike gjenstandar liggjande på sjøhus, på loft i kjellar. Det blir ein aksjonsdag på dette laurdag 17. mars. Då er det ope på brannstasjonen kl 10-13.

Vi håpar mange vil møta opp med gjenstandar då. Gjenstandane vil bli tekne i mot og registrerte. Vi må ta atterhald om at vi må gjere eit utval av gjenstandar, t.d. om fleire kjem med liknande ting.

Kontaktpersonar:     
Kjell Meling, telefon 51735230, mobil 90134261.
Arild Tveteraas, telefon 51735009, 91329959.
Oddbjørg Sætre, Kvitsøy kommune, telefon 51736312, mobil 97769308.
Trygve Brandal, Ryfylkemuseet, telefon 52792950, mobil 45250194.

Kontakt

  • Kvitsøy kommune
  • Kommunehusvn. 6
  • 4180 Kvitsøy
Telefon
+47 51 73 63 00
Telefaks
+47 51 73 63 01
E-post
post@kvitsoy.kommune.no
Org.nr
964 979 634

 

Viktige telefonnummer

  • Brann - 110
  • Politi - 112
  • Øyeblikkelig medisinsk nødhjelp - 113
  • Legevakt - 116117
  • Veterinærvakt
    Se info